bakgrunn

Velkommen te Amcar Vest-Telemark

Me er ein klubb med ca. 82 medlemar som omfattar kommunane, Vinje, Tokke, Seljord, Fyresdal, Kviteseid og Nissedal.

Klubben blei stifta 10.04.2014 og heve lokale midt i sentrum av  Høydalsmo . Hovudformålet med klubben, er å få te eit bra amcarmiljø i Vest-Telemark.

Me treffast 2 gonger kvar månad i sesonghalvåret og 1 gong kvar månad i vinterhalvåret. I sesongen vil me og køyre samla til diverse treff rondt forbi.

For medlemmane stend klubblokalet fritt til disposisjon til det som måtte vere ynskeleg. Der er både stor verkstad/smørjehall og eit triveleg pauserom.

Klubben er for alle med interesse for amcar eller amerikansk motorsykkel og det er ikkje noko krav til å eige køyretøy nytt eller gamalt.Her er alle velkommen.

Me er med som arrangør av Right On biltreff på Countryfestivalen i Seljord.